|
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Så e det på 'an igjen!
Hehe!
Denne veka som har gått har me logge strak heile gjengen med influensa, forkjøling, diare, øyrebetennelse og det som verre er... det har ikkje vore noko stas, særskild ikkje når alle tre har fått det på ein gong, men no ser det heldigvis ut til at me er på betringens veg samtlege. Eg er framleis ein smule tett i pappen, men det går nok over etterkvart.
Så, det har då ikkje vorte det store sånn på matfronten denne veka, eg har ete det eg har klart å få ned... det har ikkje påverka vekta i nokon som helst retning, så eg har same utgangspunktet for start i morgon 
For no er det berre til å skjerpa seg altså! Eg har ei veninne som driv med fotografering, og eg har "bestilt time" hjå ho om va 10 vekers tid. Så eg må passa formene for å sei det slik Eg tenkte eg skulle legga litt vekt på trening av rygg, armar og bein slik at det vert litt struktur liksom... eh...
Elles fekk me vite på fredag at det er ein liten gut inni magehuset Han er overivrig, spenner og kosar seg verre Veldig koseleg, då får me eit barn av kvar sort! Og eg legg forhåpentlegvis berre på meg på magen... er det ikkje det som er "klassisk" - med jente i magen vert ein gravid frå hårrøtene og ned til tærne (noko eg vart med jentungen!) og med gut i magen er det struttemage? Er jo lov å legga inn eit ynskje om at dette stemmer til høgare makter 
Så, me preikast i morgon! I dag skal eg laga lavkarbolappar Jessdå, all set for tomorrow!
Heidå!
|