|
Sv: Skorsonerrot
Å hallelujah!! Nokon annan som har høyrt om skorsonerrot! (Eller svartrot om du vil).
I Belgia er det mykje brukt, så denne kjenner eg godt til. Det vart tidlegare kalla fattigmannsasparges, men etter mi meining er den mykje betre på smak enn aspargesen, mykje mildare.
Vi får den på boks, hermetisert. Ein får den også fersk (men ikkje året rundt), men det er som regel veldig mykje sand og jord på det, så det er litt styr å reingjere. Bruk gjerne gummihanskar når du reingjer røtene (kan sette farge på hendene). Skyll av all jord og sand, skrell dei, del opp i mindre bitar, og putt i ein bolle med vatn og sitron (sitron for å unngå at dei blir misfarga medan du renskar ferdig). Kok dei møyre i vatn med litt salt. Heretter kan du gjere fleire ting:
Hiv i ei kasserolle med meierismør, litt salt, litt pepar og godt med muskatnøtt. La det få surre ei god stund. Smakar godt til både kjøt og fisk. (Det er dette vi vanlegvis gjer.)
Lage kvit saus og gratinere dei med ost i omnen etter at dei er ferdigkokte.
Ein kan også lage suppe. Det har eg faktisk ikkje prøvd enda.
Det er visst rett at den også er som jordskokken, at den inneheld inulin. Men det fine er at eg IKKJE reagerer på svartrota, eg reagerer forferdeleg på jordskokken.
|