November 2010 var min siste oppdatering og då hadde eg gått ned 17 kg sidan juli 2010. Frå november og fram til no har eg hatt det personleg rimeleg tøft, men no er ting på vei tilbake til det normale igjen Også kosthaldsmessig Steig på vekta på måndag og den viste 101,7 kg (opp 4,7 kg på 3 mnd). Tjuvtitta i dag og hadde gått ned 600 gram på 3 daga (veit det er vatn som har slept, men for ein boost da ). Sticks vise også at eg er i ketose, noko som ikkje var planlagt sidan eg ligg på maks 50 gram kh pr dag, i motsetning til ketolyse og 15 gr kh hausten 2010 . Måledag blir måndag og gledar meg allreie til å stige på vekta om 5 dagar