FANKEN! Eg eig ikkje viljestyrke, suget etter noko snæks heng over meg som ei sky... Eg endte dagen med ei skål risengrynsgraut med SUKKER på i går... Er det mogleg? Og eg har fanken meg lagt på meg ein kilo på få dagar, så no er det full skjerpings, for det er ikkje babyvekt for å sei det slik! Nei fy fy Konkelimonke... Dette er det berre DU som kan endra på! Så, no startar eg dagen med cc med litt syltetøy på, og så skal eg på butikken og kjøpa egg og anna lavkarbovenleg stæsj. Har bestemt meg for at heile dagen, utanom lunchen på jobb der eg et knekkebrød, skal vera så lavkarbo eg kan, med innslag av litt yoghurt og frukt. Nothing more than that! Arrg... No er eg irritert på meg sjølv... Vel vel, ha ein finfin dag alle saman