Vis enkelt innlegg
Gammel 08-02-11, 18:26   #19
Konkelimonke
Seniormedlem
 
Konkelimonke sin avatar
 
Medlem siden: Jan 2007
Hvor: hordaland
Innlegg: 503
Konkelimonke er ny på veien

Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo

Då var middagen fortært og eg er klar for å skriva dagens matfangst inn her.

Eg har ete:
Frukost- to knekkebrød med smør, leverpostei og majones... Nammenam!
Lunsj- eit knekkebrød med smør og graddost, pluss ei banan.
Mellom- ei heimemekka fiskekaka... Måtte jo smaka på middagen
Middag- wokgrønsaker, tre fiskekaker, eit egg. Til dessert- tre små jordbær, tre ts soyasjokoladeyoghurtpuddinggreier... Hehe!

Til kvelds vert det vel ein diger koppe chai te med litt fløyte i, og kanskje eit eple, evt eit knekkebrød med LEVERPOSTEI! Det er så gooooodt! Trur eg har dilla på " min første leverpostei"... Inneheld heldigvis berre 4g karb per 100g, men ingenting fornuftig utover dette... Hehe! Men ned går den, på høgkant!

Eg reknqr ikkje på karbisar, men sånn grovt rekna er eg vel rundt/under 100g karbar om dagen.

No foregår det ein maktkamp i huset, mellom meg og jentungen... Arr... Eg vert så irritert! Ho har plutselig bestemt seg for at ho ikkje skal eta opp middagen sin! Ho får akkurat passe mengde på tallerken, slik som vanleg, og ho får ti minutt på seg til å eta opp etter at me voksne er ferdig, elles vert ho sittande aleina ved bordet til ho har ete opp. I går bruka ho nesten 1 1/2 time! Og i dag er det på 'an igjen... Syting, klaging, mokking og akking... Men dette er ein kamp ho ikkje vinn! Eg skal ikkje få ein unge som får viljen sin på dette punktet. Kanskje eg er for streng(?), men eg gjev meg uansett ikkje... Men akk og vesann, eg vert så irritert......... Kor kjem dette ifrå? Ho har alltid ete middagen sin fint! Men no etter at ho kom frå far sin på sundag har ho slått seg totalt vrang...

Ah, det var dagens utblåsning! Skal ikkje vera lett dette her
Anyway, håpar de får ein fiffig kveld

Heihå frå Konkelimonke

__________________
Mamma, og livsnytar!
Startvekt 2006: 90 kg Minstevekt (motivasjon og mål): 64,2kg, 26/8-10 BMI: 24,16
Startvekt 25.12.13 79,7kg
Jobbar med somarkroppen 2014!!!
Konkelimonke er avlogget   Min kostholdsfilosofi: Eigendefinert lavkarbo ved amming! Svar med sitat