![]() |
Graut og pannekaker
I oppveksten var det fast takst å eta graut kvar laurdag. Risengrynsgraut, rømmegraut eller liknande. Graut var godt – ein vart fort mett, og fort svolten. Og det var ikkje noko problem at ein vart svolten til laurdagskvelden.
Trur kanskje det blir litt mykje med graut kvar laurdag – men å eta graut av og til har eg lyst til. Er det nokre opplagte problem med ei slik karbohydratbombe kvar fjortande dag? Ein tidleg grautmiddag – og noko feitt og mettande på tidlegkvelden? Og kva bør ein unngå attåt grauten – startar ikkje grauten feittlagring, slik at ein bør vera forsiktig med smørauga og liknande? Likeeins med pannekaker. Det var yndlingsmat når eg var unge, og eg synest framleis det er godt. Det gjer ungane også. Kunne ikkje tenkja meg å eta pannekaker ofte – men ein gong i månaden? Eg har aldri telt kaloriar, eg nektar å rekna på næringsinntak i diett – eg freistar eta variert med mykje fisk og sjømat og grønt. Eg har aldri ete ”lettprodukt”, korkje sukker- eller feittfrie. Motstanden min mot lettprodukt, kaloriteljing og slikt har vore basert på fordomar – men også at eg ikkje ønskjer å ha eit ”stressa” tilhøve til mat. Eg er glad i mat. Slik vil eg ha det frametter også. Eg sløyfa alt av potet/brød, og kutta talet på måltid ned til 2-3 i oktober. 30 kilo har gått sidan det. Eg reknar det ikkje for å vera ein slankekur, men ei livsstilsforandring. Men no har eg kome så langt at eg kan tenkja meg å justera kurs. Vil ikkje ha graut og pannekaker på forbodslista lenger – unner ungane ei skål graut av og til. Det eg tenkjer: Betre med mykje karbohydratar sjeldan, enn lite og ofte. Spar på feittet når ein et karbohydrat – ikkje et mykje feitt slik ein elles gjer. Synspunkt? |
Sv: Graut og pannekaker
Har du smakt på fløtegrøten og rømmegrøten som finnes på oppskriftsdelen på forumet? mmm nydelig og karbovennlig!
|
Sv: Graut og pannekaker
Rømmegraut er jo ganske greit å lage, og så godt! :)
|
Sv: Graut og pannekaker
Fløtegrøten kan virkelig anbefales :D
|
Sv: Graut og pannekaker
Hei,
Som de andre her sier så kan både pannekaker og grøt kan gjøres lavkarbo vennlige Her er noen forslag: Den store vaffel, pannekake og lappe-oppskriftstråden Pannekake Jakten på den ultimate mikro-pannekake Creme Fraisch-grøt Fløtegrøt lavkarbo Rømmegrøt, lavkarbo |
| Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 13:52. |
Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2025, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no