![]() |
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Sitat:
Sitat:
Forøvrig snakket jeg ikke primært utfra egne opplevelser, men utfra mange av de jeg så de få dagene jeg slapp unna med. Folk som hadde våket i uker og måneder over en kuvøse uten å ane utfallet. |
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Så så, jenter!
Ingen ynskjer eit prematurt barn! Det Cindrella meinte er nok det som dei fleste kjenner på når ein er INNFORBI termin (altså tre veker før og to veker etter termindato). Og eg er så einig med ho no, for alt er framtungt og baktungt, ingen stilling behagleg, magen "kan umogleg romma meir no, då sprekk den"... Så ja, heller føda før termindato enn etter - men sjølvsagt INNFORBI termin! Så, slapp av Carisma. Om du hadde hatt poden innabors sjølv no, hadde du nok kanskje vore på dette stadiet tankemessig du òg... Og det hadde eg unna deg! For eg unner deg IKKKJE det du har vore gjennom, det unner eg ingen! Men bær av med oss andre, me har lov å klaga litt no når tida går superseint og alt er tungt og ubehagleg! Sjølvsagt nyt me det, men akk så godt det skal verta å vera ferdig med det òg! :) |
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Sitat:
Så flink du er som har holdt det gåande i ein månad alt! Eg har pangstart i dag, og sit no med lavkarboknekkebrød med masse smør, fårepølse (ja, det har eg ete med godt samvet heile svangerskapet, eg er ikkje av den hysteriske typen) og majones.... Mmm! Dei knekkebrøda vart knallgode! Elles har eg satt opp middagsplan for resten av veka, for då vert det mykje lettare å halda seg til opplegget enn om me går kvar dag og tenkjer "hmmmmm....kva skal me ha til middag i dag?"... Superlett å skli ut på middagen då.... Uansett, vekttapet du opplever no, går nok ikkje ut over bebissn i det heiletatt! Er faktisk mange gravide som opplever at dei går ned i vekt nokre veker før termindato. Stikkingar opplever eg òg (i tillegg til at proppen har gått, tegningsblødning er overstått, maserier er eit faktum og kynnerane er kraftigare enn ever!), men framleis ingen baby. Så eg trur det er veldig individuelt kva ein merker av forarbeid. Då eg fekk jentungen kjende eg INGENTING før fyrste ria kom. Så då var det ingen tvil om at ting var igang. No går eg meir og "hmm...er det noko på gang no, eller???" og er meir i tvil. Men, men, bebi vert det nok før eller seinare, me må berre smørja oss med tålmod! Kva du brukar permisjonstida til no då? Har du jern i ilden? Eg berre slappar av, ser litt film og gjer husmorting... Hehe! Fantasifult gitt! Ha ein fin dag, alle saman! :D |
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
;) skjønner jo det kanskje kom ut litt feil men nei ønsker ingen ett prematur bare. Er selv tante til en liten pjokk som kom i uke 26+3 så veit alt om premature barn. Han var 700g og måtte ligge på sykehus i 3 måneder. Så den lar jeg ligge og hopper fint videre..
I permisjonstida gjør jeg å fint lite ;) hekler en del da:=) sjekk http://marianneskreativehule.blogspot.com/ men joda vasker og rydder og alt det der. Mannen blir altfor godt vant med middagen klar og alt på stell hihi... |
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Åj, så artig! Bloggen din har eg faktisk vore innom før! Og kor eg fekk den frå må gudane vite, men uansett! Hihi! Verda er ikkje alltid så stor, even on the web :)
Ja, mannen i huset her òg er godt vane... Kanskje litt for godt vane innimellom.... :P |
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Sitat:
|
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
10dagar att til termin... Gåsj!
Andre dag på lavkarbo - føler meg mykje betre allereie, til tross for at eg er sugen på IS! Ferdigis altså, er for slapp til å laga meg eigen is... Har mest lyst på hennig olsen sjokoladeshakeis... Anyway, har ikkje så mykje meir å sei i dag...:):) |
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Dagens syteinnlegg....
Har lagt på meg 19kg!!!! Og eg som har vore superflink på lavkarbo, trudde jo vekta ville gå litt ned istadenfor OPP! Eg føler meg som ein elefant! Målte låra mine nett, dei har auka med 4-5cm! Det skulle vore fysisk UMOGLEG å legga på seg så mykje på så kort tid! Fyttigriiiiiiisen eg gler meg til poden er ute og eg kan for alvor trimma litt att, OG verta kvitt desse gravidkiloane! Anyway.... I dag skal eg på akupunktur... Kan de tenkja deko - eg som lir av verdas største sprøyte/nåler-inn-i-huden-skrekk skal på akupunktur! Eg kjem til å daua... Eg starta dagen klokka halv 6 med eit eple... No har eg nett ete havregraut (3ss havregryn, nesten ein dl fløyte og litt vatn, ei ss smør og steviadråpar og kanel), og det vart knallgodt! Skal ikkje ta så mykje stevia i nestegong, vart litt for søtt, for kanel er jo òg litt søtt i smaken... Lurer på kva eg skal ta meg til med fram til eg reiser. Er komt asfaltfolk på plass utanfor huset, så sova kan eg ikkje. Vakna kl kvart over fem i dag, har allereie sett ein film, og kunne tenkja meg ein blund, men dei bråkar fælt desse asfalt maskinene. Jaja, det var dagens! Ha ein flott ein :) |
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
Må laga meg ein ny tråd eg no :) "ammanda lavkarboholikar" ;) hehe! Eg har lagt ut fødselshistoria mi her, same som eg mekka saman på barnimagen :)
Klemmar frå stolt Konkelimonke! |
Sv: Mitt liv som gravid på lavkarbo
hehe du får gjøre det :P her går vi bare å venter........ ble ikke noe julibaby på oss...
|
| Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 19:48. |
Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no