![]() |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Og eg kjem nok til å variera mykje meir med tanke på middagsgrønsakene framover, me er litt lei kokt blomkål og brokkoli heile gjengen, så gratinerte gr.saker er gode greier! Pluss at eg kjem ikkje til å tenkja såååå hardt på at eg må unngå gr.saker som veks under jorda, med tanke på at eg vil ha litt karbisar :) Det ligg jo ein kjempefin "tilbehør til middag" tråd ute, den skal eg byrja å bruka meir flittig! :) Og når det kjem til KVA bebisn kan få luft i magen av, må eg berre prøva meg fram ja. Men desse klassikarane kjem eg til å halda meg unna - kjem ikkje til å leva livets glade dagar på jordbær, løk og kål ;) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Eg er utruleg spent på vekstkurven til mini her ja! Jentungen FAUK i vêret rett og slett, sprengte alle kurver når det kom til vekt det fyrste året, eg serverte ho rein fløyte verkar det som. Og då åt eg høgkarbo. Så eg er utruleg spent på om mini kjem til å legga på seg gjevnt, ikkje skyta i vêret slik som søstra si. Hehe! For han et jo på ein måte lavkarbo han òg, då ikkje mjølka er reint sukker ;) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Åh, kålrabistappa er jo knaskemat! Kanskje me skal ha det til middag ein dag, berre fordi det er GODT! ;) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Kanskje du skulle prøvd lavkarbo att då, uansett kor vanskeleg det er å koma inn i tinga att (trust me, I know all about it!)... Eit tips kan jo vera å bæra han i sjal, eg har lest at det funkar for kolikkborn. Eg bærer no mini i sjal uansett eg, særskild om han maskar veldig og ikkje heilt klarer å falla til ro - hiv han oppi sjalet og vekke er han! Haha! Fennikel-te ja... hm........ ikkje veit eg kva fennikel smakar då... men kanskje eg skal skriva det på ein post-it just i case :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
PJUH! - skal sei det har vore aktivitet her inne i dei seine kveldstimar! Hihi! Så koseleg! :)
Vel, i går kveld sat eg litt nervøs og forfjamsa og tenkte over kva eg et om dagane, mest pga at de kommenterte at eg kanskje får i meg for lite...! Men, eg tenkjer; kva skal eg gjera då når eg ikkje er så svolten? Fyrst så tenkjer eg at eg kan byta ut lavkarboknekkisar med HUSMANknekk. Då får eg litt "gratis" auke i karbisane. Ut over det kan eg kanskje eta meir frukt. Det har eg ikkje gjort på lenge, mest fordi me gjekk tom ;) Yoghurt trur eg held med eit beger om dagen. Elles så skal eg bruka gr.saker i middagen som kanskje inneheld litt meir karbisar enn den vanlege blomkålen/brokkolien... me byrjar verta litt smålei kokte duskar, så no skal eg gjera ein liten innsats og bruka litt andre gr. saker. I går kveld, smånervøs som eg var, åt eg to knekkisar (lavkarbo) med pålegg, og ein ganske stor neve med peanøtter og rosiner. Noko har skjedd med meg ein eller annan plass, for tidlegare MÅTTE eg eta opp alle nøttene i skåla, men no står halve skåla att... Eg veit ikkje kva som har skjedd! I natt har me hatt ei litt slitsom natt. Eg merka ganske fort i går ettermiddag at poden dreiv med auking, då han helst hang på puppen fram til han sovna i 21 tida. Han vakna att då i 23 tida *sutt sutt smatt smatt*, så i 2 tida - då sutta og smatta han i over TO timar, og eg holdt på å gå på veggane... Så vakna han att i halv 6 tida, sutta litt, sov litt, sutta litt... jah... No har han underholdt seg sjølv og makka på i sofakroken attåt meg ei god stund, men han skal HELST henga på puppen....! Håpar det roar seg litt utover dagen, og at han helst søv i ettermiddag når me skal feira bursdagen til jentungen på leikeland i to timar. TENKT - jentungen er 6år i dag! Gåsjameg! Klokka 21:03 i kveld kan eg skåla i eit glas sprudlande brus og tenkja at det er vel blåst 6 år sia ho kom til verda! Vel, no er det ein som krev meg her, og puppen tenkjer eg... så eg får avslutta før ja... helsiken bryt laus... haha! Klem til alle saman! Og ha ein STRÅLANDE dag! |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Er ikke jordbær friskmeldt under amming?
Jeg tør ikke bruke sjal jeg. Har ikke hofter, så alt jeg forsøker å knyte rundt livet bare faller ned. Vil jo ikke at han skal gå i bakken :rolleyes: Fennikel smaker litt anis. Men det er ikke jeg som drikker den, det er til lillegutt. Kunne gi han 10-20 ml to ganger i døgnet i følge helsestasjonen, men jeg gir bare fem ml to ganger. Er jo så mye annet han skal ha i seg også, med vitaminer og tran og snart jern så kan ikke fylle han opp med te syns jeg. :o |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Off, gårsdagens meny giddar eg ikkje skriva opp ein gong....... Tragisk... Eg kan gje stikkord som 6åring feirde bursdag, kaka, ein snopepose til overs.... Ja, de kan jo tenkja deko sjølve korleis dagen gjekk :P
I dag har me vore på reis. Er no i Alta, så me har reist i HEILE dag! Dagens inntak : frukost: to lavkarboskiver, ei tomat. Reisemåltid: tre knekk med pålegg, eit halvt eple. Komt fram mat: eit halvt eple. Middagsmat på hotellet: ei og ei halv fiskekarbonade, salat med dressing, ein klatt rekesalat, ein slik mangodrikketing. Så, ikkje så gale, men heilt greit liksom. Drikk masse vatn då, fyttirakkaren, men ALT kjem ut via puppen trur eg, for eg går aldri på do verkar det som... Haha! Ha ein flott kveld! No skal eg kubba! |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
flink du har vært på tur å greier:)Sov godt:) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Eg gløymer heilt å eta når eg er litt stressa, så hadde det ikkje vore naturleg å eta då me åt, hadde eg vel gløymd det heilt... Uansett, no er frukosten fortært og på ny ventar ein heilt uopplevd dag! På tide å fylla den med gode ting! Fin dag til alle som kikkar innom :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Då er det straks heimreis, og takk og pris for det!
Ein lærer så lenge ein lever, og denne helga har eg lært at å reisa LANGT vekk med baby på litt over to veker, for så å vera vekke i fem dagar, vera i bryllaup og all festivitasen det medbringer både dagen på førehand og dagen etter - det er ikkje det luraste sjakktrekket. Baby har vore stressa, full i luft (pga lite ro kring ammesituasjonane), mor har vore stressa og full i luft (laurdag og sundag vart ikkje lavkarbodagar for å sei det slik), og me har lengta heim. Eg har felt nokre "tapre" tårer på vegen, men no er eg så glad det heile er over! Ikkje har eg fått så mykje med meg av festlegheitane heller, for mini har stort sett grene og hengt i puppen... Vel, i dag er det tilbake på lavkarbo, godt er det! Så langt i dag har min gane smaka på: Eit halvt egg, ein miniboks makrell i tomat, litt ost, litt paprika, ein boks tineyoghurt. Berre for å sei det slik- frukosten her på hotellet er ELENDIG! Punktum. Ha ein flott dag alle saman! No GLER eg meg til å verta regnvåt på vestlandet att :):) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Okei. Takk:) Men er ikke lavkarbo og fedon ganske like, bare litt mer karbo i fedonkuren?? Ser for meg at jeg vil rase opp igjen om jeg begynner å spise mer karboer igjen nå:S Har ikke studert de forskjellige jeg, men så bare kjapt på google og synes de virka ganske like...
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Home sweet home!
Fyttigriiiisen kor godt det var å koma heim til si eiga seng, sitt eige hus, sine eigne TING! Ah, eg slappa momentant av då eg la meg i halv 12 tida i går kveld, det til tross for megastressande dagar på "ferie". Stakar gubben, var heilt kaka i går han òg... Eg spurde om han angra på familielivet, men det gjer han heldigvis ikkje;) I dag må eg laga knekkebrød. Me var ikkje så superflinke i går, sia me besøkte brudeparet og vart servert kaka. Og eg ELSKAR kaka, og sia eg ikkje fekk smaka på bryllaupskaka på sjølve dagen, MÅTTE (???dårleg unnskyldning...) eg ha eit stykke og litt til i går.... Uff og uff.... Hihi! Men AKK så godt! No er frukosten (lunchen) fortært. Dagens meny kjem seinare. So long folks! :D |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
aha:P Der ser du hvor mye jeg vet:P |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Dagens:
Frukost: Eit lavkarbo-knekk og eit husmann-knekk med smør og pålegg. Lunch: omelett av to egg med fårepølsa i, litt sukkerfri ketchup, eit halvt eple. Middag: svinekotelett med wok-grønsaker. Kvelds: eit husmann-knekk med pålegg. Drikke: ca 2dl fanta free I tillegg vatn vatn vatn! :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Vektstatus etter tre dagar på kjøret:
76,6kg... det er ein halv kilo opp det... Men men, så verd det! Kakene smaka supergodt! Hehe! Elles går no dagane med til amming, bleieskift, amming, amming...! Poden har no lagt på seg over 1200gram sia fødsel, så lavkarbomjølk er gode greier! :D:D Feit og god mjølk med andre ord! (men det fekk no jentungen då eg amma ho òg, til tross for høgkarbokost!). Er tydeleg det at eg lagar god næring til borna mine :) Ha ein superflott dag! No skal eg kosa meg med lille store lillebror på 5430gram ;) (og han er berre 22 dagar...!!!) :D |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Fyrste skuledagen til jentungen! Ein stoooor dag! :D
Åh, kor stolt ho er, og ho mor er superstolt! Tenk, no er ho stor jenta og skal byrja ta bussen aleina... sukk... :) Uansett, gårsdagens meny: Frukost: Eit hamburgerbrød med pålegg (lavkarbohamburgerbrød). Lunch: To lc-knekk med pålegg, eit halvt eple, ein dl tropisk juice. Middag: tacosalat. Kvelds: Eit hamburgerbrød med pålegg (BRUNOST på eine halvdelen!!!), eit beger tine yoghurt (sånt lite altså, men likevel 20g karbisar!), litt "kæschu"nøtter, eit halvt glas brus (zero...) Eg var så fysen i går kveld at eg får heilt makk! Eg var i ganske dårleg/deprimert humør i går, noko som gjer at eg vert veldig sugen på alt mogleg drit... så eg gjekk og sneik i skapene... MEN, vart ikkje sååååå ille, men kunne klart meg utan både yoghurt og nøtter og brus så seint på kvelden! Vel vel, spist er spist, og i dag er eg litt uggen i magen. KAN koma av tacosalaten, for eg har opplevd tidlegare at tacosalat er ikkje magen min fullt så glad i. Jajjaaa... Frukost i dag vart tacosalatrestar då ;) OG ein halv liter vatn ;) Resten av dagens får de i kveld evt i morgon :) Høggs ænd kisses! :) |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Høres ikke ut som den verste kræsjen det der nei, synes du er flink!
|
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
Føler det blir en blanding uansett ja. Jeg må jo finne noe jeg kan leve med og ikke bare "holde ut med" ei stund liksom. Det får bli "mye-mindre-enn-før-karbo-diett"! ;o) Det går nedover i vekta for første gang på maaange år, så det må jo være noe bra i det jeg har endra på iværtfall:D |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
GOD FREDAG FOLKENS!!!:D
ja, då er det atter ein gong helg... og det er deilig! Sjølv om me skal i bryllaup denne helga òg, må me ikkje reisa LANGTVEKKISTAN for å komma oss dit - ti minutt med bil er alt som trengs!!! Vel, på tide med oppdatering... sjølv om vekta er over måte snill i dag - 75,1kg!!! - må eg vel erkjenna mine synder i går likevel... og her kjem unnskyldningar på unnskyldningar for kvifor dagen vart som den vart (me kjenner vel alle til desse "gode!" unnskyldningane som kjem inn i hovudet når me gjer noko me strengt tatt ikkje burde??? ;)) Jodå, me fekk besøk! Av tanta til gubben, som ville sjå mini! Og ho hadde med seg ei kveitekringlekaka med GLASUR på! (nam! - men AOOO!) Så, middagen vart utsett nokre timar (fordi me fekk besøk av nokon før dette òg, så middagen måtte fint venta), noko som resulterte i at eg var SUPERSVOLTEN!, og svaaaaak... Me heiv i oss middagen (fiskesuppe med sprøsteikt bacon til....!!! Heimelaga lavkarbo sjølvsagt, full i feitt!), og heiv oss deretter over kveitekringlekaka med GLASUR!!!... Eg tok to små stk... Og som om ikkje det var nok; eg nemnde eg vart svak... så då besøket var reist åt eg liksågodt litt snop, samt to husmanknekkebrød med brunost......... Og unnskyldningane??? IKKJE GODKJENDE for å sei det slik! HAHA! Men eg kan ikkje anna enn å le, for når eg tenkjer attende på kve eg tenkte då eg forsynte meg av noko høgkarbo - så er det utruleg kva hjernen min brukar som argument for å "win me over!!!"...! Ganske komisk! Og eg syns det er sååå fornuftig der og då...! ;) Så, i går vart dagen sjåande slik ut: Frukost: tacosalat (små middagsrestar frå dagen før). Lunch: eit beger yoghurt (av sorten jordbær, Tine, 18g karb) Middag: fiskesuppe med bacon, to stk kveitekringlekaka... Kvelds: eit beger yoghurt (type Tine, melon, 20g karb), to husmanknekk med brunost, snoooop..... Jaddaoooo! Mykje skvip på ein gong kan du sei! Og likevel var vekta supersnill??? Hmm.... heng ikkje heilt saman dette her, men skitt au! :) Du syns kanskje eg tek litt for lett på slike utskeiingar? Ja, i dag gjer eg det, i dag kjenner eg eg er i toskete humør rett og slett! Om det kjem av at jentungen tek buss ALEINA til og frå skulen i dag for fyrste gong, eller om det er sukkersjokk - det veit eg ikkje...! :) Ha ein flott dag alle saman! :D |
Sv: Ammande lavkarbo"holikar"! (min tråd)
Sitat:
(ja, eg er i eit rart humør i dag, og eg veit ikkje kvar det kjem ifrå!!!) :D |
| Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 18:34. |
Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Foreldreportalen.no | Selvrealisering.no
© 2004-2015, Lavkarbo.no